06/06/2025
Vi i Knut Wolff As er i år igjen stolt sponsor av dette fantastiske tiltaket Team Rynkeby-vestland gjennomfører år etter år💪💪
Eg heiter Halvor Langeseth Brosvik, er 66 år gammal. Er far til 4 og har 10 barnebarn.
Dette vert min første tur frå Bergen til Paris. Noko eg ser fram til med stor glede.
For 2 – 3 år sidan var det fleire frå Gulen kommune som sykla og eg vart obs på dei gule draktene. Så då måtte eg sjekke ut kva det var. Og då vart eg kjent med Team Rynkeby.
Team Rynkeby samlar inn pengar til Barnekreftforeningen i Noreg. For å få dette til, finn vi sponsorar, gjer dugnad og andre ting.
Det er trening der samhald og fysisk form er fokus. Sykling ute gjev mange fine naturopplevingar.
Syklinga er min hovudmotivasjon. Eg er mellom dei heldige i verda. Så langt friske barn og barnebarn. Då er det fint å kunne hjelpe til litt med innsamling av pengar til forskning som fører til resultat som reddar liv og gjer livet betre for råka barn og deira familiar.
I laget vil eg vere positiv og bidra til at vi når våre mål.😃🚴🏼♂️